Om arrangementet
VELKOMEN TIL REGIONAL PLANLEGGINGSDAG FOR SKULANE I SOGN!
Samlinga finn stad på Quality Hotel Sogndal, eller du kan sjå sendinga strøyma.
Program
Kjem!
Viktig informasjon
Stad: Quality Hotel Sogndal - «Fjordsalen» har plass til maks 300 deltakarar. Lærarar og skuleleiing har førsteretten på dei fysiske plassane. Andre tilsette i skulane, tilsette i PPT og skular som vel det, kan følgje sendinga digitalt. Samlinga fram til lunsj vert strøyma via YouTube slik at ein kan følgje sendinga frå eigen eining. Lenkje vert sendt ut til leiarane dagen før. Det er begrensa med parkering, tenk gjerne samkøyring eller parkering litt lengre unna hotellet.
Tidspunkt: Fredag 6.november 2026 kl 09.00-15.00. Registrering på hotellet frå kl 8.30. Strøyminga startar like før kl 9 og varer til 11.30. Etter lunsj vert det gruppearbeid kring tematikken. Fint om de går inn på lenkja nokre minuttar før sendinga startar for å sjå at alt verkar teknisk. Det kan vere lurt å ha dialog med IT-støtte i kommunen i forkant.
Lunsj: Ja, enkel lunsj inkludert.
Deltakaravgift: X kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant av samlinga (bindande).
Målgruppe: Alle tilsette ved grunnskulane i Sogn, PPT og skuleeigarar.
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no
Mob: 48 25 03 06.