Om arrangementet
Vaksenrolla i SFO
Trygge vaksne med reguleringskompetanse
Korleis vera trygg, tydeleg og tilstades?
Barn treng vaksne som toler følelsane deira, som set trygge grenser og ivaretek relasjonen. Korleis kan vi stå stødig i krevjande situasjonar, og korleis jobbe med gruppa for å redusere uro? Med fagleg forankring og eksempel frå praksis set vi søkelyset på kva som faktisk verkar i møte med barn.
Beate Gauden og Julie Farestveit Andreassen er spesialpedagogar/spesialkonsulentar ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, RVTS Vest. Begge har master i spesialpedagogikk og brei erfaring frå fagfeltet. Julie har god erfaring frå barnehage, vidaregåande skule og bufellesskap. Beate har lang erfaring som leiar i PPT, barnehage og som skulesjef og leiing av tverrfaglege prosjekt.
Begge er genuint opptekne av dei barna/ungdomane som er vanskelege å hjelpa eller vanskeleg å lika fordi dei har sterke reaksjonar og utfordrar i møte med barnehage, skule, SFO og hjelpetenester.
Dei kjem til Sogndal oppdaterte på nyaste forsking innan feltet, og har med seg mange konkrete tips og eksempel frå praksis.
Program
08.30- 09.00: Registrering, kaffi/te. Pausemat er tilgjengeleg innerst i konferansegangen frå 10-14.
09.00- 09.05: Velkommen v/ Lene Nornes Madsen og Gry Anita Sviggum, leiarar av SFO sitt regionale leiarnettverk
09.05- 10.00: Fagleg økt del 1
10.00- 10.15: Pause
10.15- 11.00: Fagleg økt del 2
11.00- 12.00: Lunsj (2-rettars)
12.00- 13.00: Fagleg økt del 3
13.00- 13.15: Pause
13.15- 14.20: Fagleg økt del 4
14.20- 14.30: Avslutning og evaluering med QR-kode
Det blir veksling mellom føredrag, summe- og diskusjonsoppgåver gjennom dagen.
Kikk gjerne på desse to lenkjene før samlinga:
· Den inkluderande og regulerande leiken i skulen
Velkommen til fagleg påfyll gjennom planleggingsdag i Sognaregionen! Me ser fram til å møta deg!
Viktig informasjon
Deltakarar: Tilsette i skulefritidsordningane i Sogn. Maks 150 deltakarar!
Kvar: Quality Hotel Sogndal, «Sogndalssalen» (første salen etter resepsjonen).
Tidspunkt: Fredag 6.november kl 9.00-14.30. Registrering frå kl 8.30.
Pris: 600 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant. «System for styrka læring» sponsar om lag 150 kr pr pers for å halde utgiftene for sfo’ane nede. Bindande påmelding. Prisen inkluderer fagleg innhald, kurslokale, dagens 2-rettar lunsj, kaffi/te og pausemat.
Det er avgrensa med parkering, tenk gjerne samkøyring eller parkering litt lengre vekke.
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no
Mob: 48 25 03 06.