Vil gjere gode samarbeid endå betre

 

Kommunane i Sogn løyser mange oppgåver saman. Men korleis kan dei få betre oversikt, avklare forventningar og følgje opp samarbeida på ein god måte? Sogn KO arbeider no med eit felles rammeverk som skal gjere nettopp dette enklare – med tillit, tydelege roller og god dialog som utgangspunkt.

– Dette handlar om å ta godt vare på det kommunane har bygd opp i lag. Vi er tidleg i arbeidet og skal bruke tid på å lytte, avklare og forankre. Målet er at både kommunane og samarbeida skal vite kva dei kan vente av kvarandre. Vi skal byggje tillit og betre samspel, ikkje detaljstyre den daglege drifta, seier styreleiar Gunn Lerøy i Sogn KO.

Første steg er eit førebels styringsdokument og ei oversikt over samarbeida. Framlegget skal gi svar på praktiske spørsmål: Kven representerer kommunane? Kven følgjer opp tenestene på deira vegner? Og kva ansvar ligg hos vertskommunen eller den daglege leiinga? Felles spelereglar, enklare rapportering og faste møtepunkt for eigardialog skal gjere ansvaret tydelegare. Kommunestyra og eigarorgana skal framleis ha ansvaret for overordna vedtak, økonomiske rammer og politiske føringar.

I det førebelse grunnlaget er 64 samarbeid vurderte. Dei er ulike, og treng ikkje same oppfølging. Framlegget er derfor å dele dei inn i fem kategoriar ut frå omfang, tal deltakarkommunar, kor etablerte dei er og økonomisk risiko. Samarbeid med størst oppfølgingsbehov skal få tettare dialog, medan andre kan følgjast opp enklare. Kategoriseringa er førebels og skal kvalitetssikrast.

Tanken er å gjere oppfølginga til ein naturleg del av samarbeida si drift. Eit felles årshjul skal knyte eigardialogen til kommunane sitt budsjett- og rekneskapsarbeid. Korte rapportar skal vise resultat, økonomi, risiko og kva eigarane må avklare. Det skal vere lett å sjå kva avtalar, mål og fullmakter som gjeld, og kven som følgjer opp avtalte punkt innan kva frist. Ambisjonen er betre oversikt og føreseielege møtepunkt – ikkje meir rapportering enn nødvendig.

Arbeidet er framleis i ein tidleg fase. Før oppstart skal saka forankrast i Sognarådet IPR og eventuelt vidare i kommunane. Det skal vere rom for innspel og avklaringar, slik at kommunane og samarbeida får ei felles forståing av behov, roller og ansvar. Innføringa er tenkt å skje stegvis, med dei mest prioriterte samarbeida først.

Utgangspunktet er erfaringane og kompetansen som allereie finst i samarbeida. Med betre oversikt og open dialog er målet å styrkje tilliten og den demokratiske forankringa – og gi kommunane eit betre grunnlag for å utvikle gode tenester til innbyggjarane i Sogn.

 

Forrige
Forrige

God energi i Årdal

Neste
Neste

Kommunane samlar kreftene om næringsutvikling i Sogn