God energi i Årdal

 

Gode diskusjonar, tydelege ambisjonar og tru på meir samarbeid. Sognatinget samla formannskapa frå dei seks kommunane i Årdal måndag, og blikket var retta framover.

Representantar frå Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Vik og Årdal var samla i Årdal Nærings- og Teknologipark til haustens Sognating. Før den politiske delen av dagen fekk deltakarane ein smak av Teknologiveka 2026. Deretter var det tid for å sjå nærare på korleis det regionale samarbeidet i Sogn fungerer, tre år etter at den nye modellen for samarbeidet vart innført.

Sognatinget er ein møteplass der formannskapa i dei seks kommunane møtest på tvers av kommunegrensene. Det gir rom både for dei store strategiske diskusjonane og for å bli betre kjende med utfordringane og moglegheitene i nabokommunane.

Ein tydeleg bodskap frå dagen i Årdal er: Sogn har mykje å vinne på å stå saman.

No tek regionen med seg innspela frå Sognatinget vidare. Ambisjonen er ikkje samarbeid for samarbeidets skuld, men å bruke fellesskapet der det gir betre løysingar for kommunane og innbyggjarane.

Møtepapira frå Sognartinget finn du her, og her på sognaregionen.no kjem vi tilbake med omtale av både høyringsfråsegner,  evaluering av samarbeidet og retninga for regionsamarbeidet vidare.

 

Billedgalleri, Sognatinget Haust 2026, Årdal Nærings- og Teknologipark

Forrige
Forrige

Tre søknader for betre tenester

Neste
Neste

Vil gjere gode samarbeid endå betre