Nav

To personar i samtale foran skrivebord

Samandrag

Vertskommuneavtalen om Nav-kontor i Sogn er vedteken i fire av dei fem kommunane: Aurland, Luster, Vik og Årdal. Lærdal handsamar avtalen i slutten av oktober.

Styringsgruppa har starta arbeidet med å førebu etableringa av Nav-kontoret.

Den nye tenesta skal vera operativ frå 1. juli 2027 med Årdal som vertskommune.

Samarbeidet vil få ein desentral struktur med Nav til stades i dei fem kommunane.

 

Bakgrunn

Vertskommunesamarbeidet skal utføre kommunale oppgåver som høyrer til minimumsløysinga i Nav, økonomisk sosialhjelp, kvalifiseringsprogram, økonomisk råd og rettleiing, inkludert økonomisk rådgjeving, mellombels bustad, individuell plan og uttalar om skjenkeløyve. I tillegg skal flyktningteneste (busetjing og introduksjonsprogram) og Husbanktenester (bustøtte, startlån, tilskot) inngå i tenestekatalogen.

Prosjektet skal legge til rette for etableringa av eit vertskommunesamarbeid for Nav i Sogn med Årdal som vertskommune, og sikre vidareutvikling av tenestene levert av Nav-kontora i dei fem deltakarkommunane.

Tenestestrukturen skal vera berekraftig gjennom eit større fagmiljø for stat og kommune, basert på brukarane og arbeidslivet sine behov.

Den nye tenesta skal vere i tråd med nasjonale føringar og lokale behov, og bidra til:

  • Auka kvalitet og utvikling av tenestene

  • Sikre like tenester i regionen

  • Redusere sårbarheit for levering av tenestene

  • Utvikle større og styrka fagmiljø, med høve til spesialisering

 

Fakta om prosjektet

Prosjektperiode:
2026-2027

Prosjekteigar:
Årdal kommune og Nav Vestland

Prosjektansvarleg:
Kommunedirektør, Årdal kommune

Prosjektleiar:
Marita Midtun
E-post marita.midtun@nav.no
Tlf 95 24 98 10

T

Status

Alle tilsette i dei aktuelle tenestene blir inviterte til å delta i arbeidsgrupper. Prosjektet ønskjer brei deltaking på tvers av alle kontora i arbeidspakkane. Prosjektleiar har knytta til seg ressursar med representantar frå dagens tenester til arbeidspakke 1.

Arbeidspakkane er:

  1. Prosjektleiing og koordinering

  2. Organisasjon og HR

  3. Fag og kvalitet

  4. Fagsystem og data

  5. Lokasjon og drift

  6. Samhandling og kommunikasjon

Du finn meir informasjon om arbeidspakkane i prosjektplanen.

 

 

Styringsgruppe

  • Mette Hestetun Berg, kommunedirektør i Årdal og leiar i styringsgruppa

  • Hildegard Valland, kommunalsjef Vik kommune

  • Turid Stigen Sørensen, HR- og organisasjonsleiar Aurland kommune

  • Trine Grøttebø, kommunalsjef Lærdal kommune

  • John Olav Røhme, kommunalsjef Luster kommune

  • Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør Nav-Vestland

  • Hilde-Gunn Hellen, tillitsvald Delta, Vik kommune

  • Janne Marie Reppen, tillitsvald Fagforbundet, kommunane Lærdal og Aurland

  • Gudrun Helvik Stenehjem, kommunalt verneombod, Nav Luster

  • Liv Mathilde Wigdahl, tillitsvald Fellesorganisasjonen, Årdal

  • Gry Blomseth, statleg verneombod, Nav Vik

  • Bjørg Svinø, statleg TV, Region TV NTL, Nav Årdal

  • Karina Nerland, rådgjevar Sognaregionen

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Ressurskrevjande tenester

Neste
Neste

Eigarstyring