Ressurskrevjande tenester

Kart over dei seks kommunane i Sogn

Samandrag

Dei seks kommunane i Sogn vil samarbeide om tenester til personar med særleg krevjande tenestebehov. Behovet for spesialiserte tenester aukar, særleg for brukarar med krevjande åtferd og samansette behov innan psykisk utviklingshemming, psykisk helse og autismespekteret. I dag kjøper kommunane tenestene frå private aktørar. Gjennom å satse regionalt kan vi byggje opp og vidareutvikle eit sterkt fagmiljø innan dei ressurskrevjande helse- og omsorgstenestene. Eit slikt fagmiljø vil gje høgare kvalitet i tenestene og skape eit meir robust og framtidsretta tilbod.

Den første fasen skal gje kommunane eit kunnskapsgrunnlag, gje tilråding til samarbeidsmodell og munne ut i ein konkret gjennomføringsplan for fase 2.

 

Mål og hovudaktivitetar

Følgjande mål skal realiserast i prosjektperioden:

Effektmål:
Kommunane skal bygge gode og stabile fagmiljø med høgare kompetanse, gje eit betre og meir heilskapleg tilbod for personar med særleg krevjande tenestebehov, og samtidig oppnå økonomisk gevinst gjennom effektiv ressursbruk.

Resultatmål:
Kommunane i Sogn skal gjennomføre ei utgreiing som gir tilstrekkeleg innsikt og eit kunnskapsgrunnlag for å kunne ta ei avgjerd om og planleggje for eit interkommunalt samarbeid om ressurskrevjande tenester.

Sogn KO etablerer seks arbeidspakkar for gjennomføring av prosjektet:

  1. Juridiske vurderingar

  2. Kartlegging og innsiktsarbeid i kommunane

  3. Samordning med liknande tenester

  4. Samordning av kjøp frå private aktørar

  5. Interkommunalt samarbeid om ressurskrevjande tenester

  6. Privat-offentleg samarbeid

Prosjektet er finansiert av skjønsmidlar frå Statsforvaltaren, midlar frå Sogn KO og eigeninnsats frå dei seks kommunane.

 

Fakta om prosjektet

Prosjekteigar:
Sogn KO

Prosjektleiar:
Jorunn Folgerø-Holm, KS Konsulent

Styringsgruppe:
Kommunalsjefnettverket for helse og omsorg

Prosjektgruppe:
Tverrfagleg gruppe med representantar frå kommunane inkludert tillitsvalde

Finansiering:
Skjønsmidlar Statsforvaltaren og kommunale midlar

 

Dokument

Prosjektplan

 

Tidsplan

Mai-desember 2026: Utgreiing av arbeidspakkene 1-6

Februar 2027: Sluttrapport til styret med tilråding til samarbeid og vegen vidare

Mars-april 2027: Vurdera vidare arbeid og politisk handsaming i kommunane

April-mai 2027: Planlegge fase 2 for å gjennomføre vedteken samarbeidsmodell

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Beredskapsfellesskap i Sogn

Neste
Neste

Nav