Eigarstyring

Samandrag

Regionen arbeider med å etablere eit felles system for styring og oppfølging av interkommunale samarbeid. Målet er å sikre meir aktiv eigarstyring, tydelegare roller og betre oppfølging av samarbeida.

Prosjektet utviklar felles spelereglar, årshjul for eigardialog og ein modell som kategoriserer samarbeida etter mellom anna risiko, omfang og betydning. Dette skal avgjere nivået på oppfølginga.

Gjennom klarare ansvarsforhold, standardisert rapportering og betre eigardialog skal kommunane få betre styringsinformasjon, redusere risiko og sikre at samarbeida støttar politiske mål og prioriteringar.

 

Felles rammeverk for styring av interkommunale samarbeid

Prosjektet «Eigarstyring av interkommunale samarbeid i Sogn» er eit strategisk utviklingsarbeid i regi av Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (Sogn KO). Arbeidet skal gje kommunane i regionen eit felles rammeverk for korleis dei utøver eigarskap og styring over dei mange interkommunale samarbeida som er bygde opp over tid. Prosjektet svarar på eit behov for større oversikt, meir systematisk oppfølging og sterkare politisk og administrativ forankring av samarbeida.

Gjennom prosjektet vert alle samarbeid kartlagde og vurderte etter felles kriterium som omfang og innhald, tal kommunar i samarbeidet, alder på samarbeidet og økonomisk risiko. Dette dannar grunnlag for ei kategorisering som gjer det mogleg å prioritere ressursane mot dei samarbeida der eigarstyringa er viktigast. Målet er ikkje meir styring av alt, men rett nivå av styring ut frå risiko og betydning.

Prosjektet byggjer vidare på tre sentrale byggjesteinar: eigarrepresentasjon, styringsdokument og bestillarroller. For kvart samarbeid skal det vere klart kven som representerer eigarane, kva styringsdokument som ligg til grunn, og kven som har ansvar for å følgje opp leveransar og resultat på vegner av kommunane. Slik vert ansvarsforholda tydelegare, og eigardialogen mindre personavhengig.

Ei viktig målsetjing er å profesjonalisere eigarstyringa gjennom felles spelereglar, standardiserte rapporteringsløysingar og faste årshjul for dialog og oppfølging. Dette skal bidra til betre beslutningsgrunnlag, meir føreseieleg styring og høgare grad av demokratisk kontroll. Samstundes skal modellen vere praktisk og enkel å nytte både for kommunane, eigarrepresentantane og dei ulike samarbeida.

På sikt skal prosjektet gjere det enklare å vurdere om samarbeid bør vidareførast, vidareutviklast, forenklast, slåast saman eller avviklast. Slik kan kommunane sikre at interkommunale samarbeid framleis leverer verdi, bidreg til gode tenester og støttar dei strategiske måla for utvikling av regionen.

 

Fakta om prosjektet

Prosjektleiar:
Torgeir Skålid, tenesteutviklar

 

Artikler om prosjektet

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Nav

Neste
Neste

TryggEst