Tilbake til alle arrangementer

Regionalt nettverk for fådelte skular i Sogn

  • Jostedal oppvekstsenter 78 Krekane Jostedal, Vestland, 6871 Norway (kart)

Om arrangementet 

Me ynskjer velkommen til nettverksamling. I 2025 starta me opp att dette nettverket der me kan dele erfaringar og drøfte viktige problemstillingar rundt det å jobbe ved fådelte skular. Me har i dag drift ved 11 fådelte skular i Sogn.

Program

10.00- 11.00      Møte del 1:

  • Fådeltpedagogikk

  • Matematikkprosjekt Jostedal skule

  • Oppdrag: førebu observasjon etter lunsj

11.00- 11.30      Lunsjpause

 

11.30- 12.30      Skulebesøk/ observasjon.

Ta med høvelege kle og sko slik at me også kan vere utandørs.

 

12.30- 14.30      Møte del 2:

  • Oppsummere observasjonane frå skulebesøket

  • Ressursbruk og organisering av samarbeid mellom bhg, skule og SFO

  • Open post viss tid

  • Evaluering via QR-kode

 

Det blir lagt inn småpausar ved behov.

Ta med relevante dokument frå din skule i høve tematikken.

Svar på Forms-undersøkinga her når du melder deg på: Nettverk fådelte skular - førebuing – Fyll ut skjemaet

 

Påmeldingsfrist: Torsdag 12.november kl 10 via den grøne knappen over. Det må vere minimum 6 påmeldt for å gjennomføre.

 

Ansvarlege for samlinga:

·         Rektor/styrar ved Jostedal oppvekstsenter Mette Frydenberg Reinertsen mette.frydenberg.reinertsen@luster.kommune.no

·         Rektor/ styrar ved Indre Hafslo oppvekstsenter Elling Bjarneson Venjum elling.bjarneson.venjum@luster.kommune.no

 

Velkommen, håpar å sjå deg på samlinga!

 

 

Beste helsing frå

 

Mette F. Reinertsen og Elling B. Venjum       Ingrid Steine Bortne

Leiarar for nettverket                                           Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Viktig informasjon

Stad: Jostedal oppvekstsenter, Krekane 78, 6871 Jostedal

Tidspunkt: Onsdag 18.november 2026 kl 10.00-14.30

Målgruppe: Tilsette og leiarar ved fådelte skular i Sogn

Lunsj: Ja, inkludert

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar


 
 

Kontaktinfo:

Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

Mob: 48 25 03 06.

 

Vedlegg:

Program

 
Forrige
Forrige
17. november

Regionalt nettverk for pedagogiske leiarar i barnehagen