Om arrangementet
Me ynskjer velkommen til nettverkssamling for pedagogiske leiarar i Sogn
Målet for nettverket er å styrke dykk i rolla som ped.leiarar. Du er sjølvsagt hjarteleg velkommen sjølv om du ikkje har delteke i nettverket tidlegare.
Program
Me møtes til lunsj og mingling frå kl 12.15.
Kl 12.30 startar det faglege innhaldet. Me deler ettermiddagen inn i to bolkar med pausar.
Heidi Myrvold frå NAV arbeidslivssenter og underteikna skal lose oss gjennom denne ettermiddagen.
Tematikk for samlinga:
· Første del: Erfaringsdeling på tvers av barnehagane v/Ingrid.
Alle førebur seg på deling av gode idear og måtar å løyse oppgåva som ped.leiar på. Ta gjerne med deg relevante dokument innan tematikken.
Korleis nyttar ein plantida si? Innhald og tidsperspektiv? Organisering av dagen? Korleis jobbar ein som ped.leiar? Kva er oppgåvene til ped.leiar versus barnehagelærar/pedagog 2? Korleis stå stødig i rolla/yrket? Kva kan me kutte ut kontra kva vil me gjere meir av? Er det gode tips og triks ein kan dele i nettverket?
· Siste del: Utetida i barnehagen kan utfordre samarbeidet mellom dei vaksne. Me ser på korleis ein best kan jobbe for eit godt arbeidsmiljø, også i utetida v/Heidi
Påmeldingsfrist: Torsdag 12.11 kl 12 på dagen via den grøne knappen over.
Me må vere minst 12 deltakarar for å gjennomføre samlinga.
Velkommen, håpar å sjå deg på samlinga!
Beste helsing frå
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Viktig informasjon
Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Rom og kart: Vert ettersendt til dei påmeldte.
Tidspunkt: Tysdag 17.november 2026 kl. 12.15- 15.30
Målgruppe: Alle pedagogiske leiarar i barnehagane i Sogn
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Mob: 48 25 03 06.